For ti dagar sidan skreiv vikebladet.no om at julepynten utanfor An Chri var rasert. Nokon hadde røska opp og tatt med seg dei to trea som var planta i to store krukker ved inngangspartiet, og lysa til trea var vekke.

Spekulasjonane gjekk i sosiale media om kven det kunne vere. Mange var forferda over hærverket. Men no har den angrande syndaren gjort opp for seg.

– I går kveld fekk eg ein hyggeleg telefon frå ein ung, angrande mann, fortel ei strålande blid Anja Nykrem Korshaug. Ho synest det var modig av ungdommen å ringje henne for å gjere opp for seg.

Først var han i butikken for å snakke med henne, men sidan ho ikkje var der, ringte han henne. No har han vore på butikken med både tre og lys. Dei vil no bli planta og ordna til igjen.

Korshamn set stor pris på at han ringte henne og gjorde opp for seg. – For meg var det veldig stort. Me kan alle gjere feil , seier ho og fortel at dei avslutta med å ønskje kvarandre god jul.