Tysdag ettermiddag var vinterhagen på Hadartun fylt opp av tilskodarar som ville sjå utdelinga av Frivilligprisen på Hareid 2016. Varaordførar Kristian Fuglseth stod for utdelinga på vegner av Frvilligsentralen, og det var ei som mellom anna er svært aktiv der som skulle få prisen i år.

Grunngjeving:

– Den frivillige arbeidsinnsatsen i dei frivillige organisasjonane i norge tilsvarar om lag 140.000 årsverk. Utan tvil står årets prisvinnar for iallfall eitt av desse årsverka.

Det er ei svært aktiv og positiv dame som trass sin vaksne alder held eit jamt høgt tempo. Eit tempo som ein til tider kan misunne.

Det frivillige arbeidet som ho utfører i sin kvardag let seg vanskeleg skrive på ei liste. Men ho er på opp til fleire turnuslister på Frivilligsentralen, der ho jamleg tek del i besøksteneste, hjelp på eldretreff og sal av varer på Hadartun.

Med den største sjølvfølgje deltek ho eller tek initiativ til ymse aktivitetar på Hjørungavåg bedehus, og ho vaskar og pyntar kyrkja – til kvardag og fest.

Ho har lært ein heil generasjon Hjørungavågarar å bake ”Judith-løfse” på Hjørungavåg skule. Tradisjonar og skikkeleg løfse er viktig for henne. Og det må vi seie oss einige i!

Ho har alltid ekstra sut for dei som treng det mest, eller dei som på ein eller annan måte har utfordringar i kvardagen. Den vesle raude bilen er derfor ofte å sjå utanfor sjukeheimen, der ho er på besøk med dei som treng det. Då har ho med seg ein sjokolade i veska til nokon som treng ei søt oppmuntring, eller ei varm hand for dei som er åleine mot slutten av livet.

Og så køyrer ho sine venner hit og dit. Uredd og full av positivitet og arbeidslyst fyller ho bilen med sambygdingar som ikkje kjem seg til og frå sjølve.

Til og med på Hareid gravstad, steller og styrer ho med eit ukjent tal graver mest kvar dag.

Prisvinnaren kan lære oss noko alle saman. Ho er eit varmt medmenneske som aldri framhevar seg sjølv eller det ho gjer for andre – men er derimot oppteken av at menneske rundt seg skal ha det best mogleg.

Frivilligprisen i Hareid kommune 2016 går til Judith Pilskog, sa Fuglseth etter å ha lese opp grunngjevinga og avslutta med:

– Tusen takk for at vi har deg Judith – du gjer ein stor forskjell for svært mange.

Ei stor ære

Årets prisvinnar var nominert av Jenny Helen Korsnes.

Sjølv var ikkje Judith Pilskog så ivrig på å seie så mykje umiddelbart etter å ha fått prisen. Men orda kom etter kvart.

– No har eg kome meg litt til hektene igjen, og eg ønskjer å få takke for prisen. Dette er ei stor ære. Eg må også takke Sparebanken Møre, dei som har nominert meg og alle som har stått for Frivilligprisen. Tusen takk!