Sundag føremiddag gjennomførte politiet ein promillekontroll i Myrvåg. Dei kontrollerte 29 bilførarar.

Ein mann vart teken med til utåndingsprøve. Det synte seg at mannen i 30-åra hadde i overkant av over 0,5 i promille. Dei tok difor førarkortet frå han og melder han for køyring i alkoholpåverka tilstand.