Ulstein frivilligsentral har tatt initiativ til å samle inn gåver til borna ved asylmottaket i Ulsteinvik.

– Eg vil oppmode bygdefolket til å gi ei lita gåve til desse borna som ikkje har så altfor mykje frå før, seier dagleg leiar Inger Anne Dimmen ved Ulstein frivilligsentral.

Ho presiserer at gåvene må vere ubrukte, og det er heller ikkje nødvendig å pakke inn gåvene, då alle gåver blir pakka inn på nytt.

Julegåvene blir delt ut på den årlege julefesten som asylmottaket har i midten av desember.

Dimmen opplyser at det no er nærare 100 born som bor på mottaket i alderen 0 -18 år, og her bor 30 mindreårige gutar i alderen 15–18 år som ikkje har foreldre eller andre familiemedlemar rundt seg. Her er asylborn frå 14 forskjellige land, mellom anna frå Afghanistan, Syria, Iran, Irak og Egypt.

– Det er veldig stor stas for borna når julenissen kjem med pakke til dei, og både borna og foreldra set svært stor pris på givargleda til bygdefolket, held Inger Anne fram.

Det er tiande året Ulstein Frivilligsentral set i gang med julegåveinnsamling til asylborna. Ein kan levere inn gåvene på Skollebakken Aktivitetshus og på servicetorget på rådhuset fram til 5. desember.