Sju av dei tilsette ved Solstad Farstad sitt kontor i Fosnavåg fekk tordag den tunge meldinga at dei må gå, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Nedbemanninga er ein del av kostnadskutta på ein halv milliard kroner som skal hentast inn på snergiar av samanslåing mellom Solstad, Farstad og Rem.

Situasjonen er om mogleg endå verre i Ålesund. Der skal om lag 35 stillingar i Solstad Farstad fjernast, skriv Sunnmørsposten.

Sverre Andreas Farstad seier til smp.no at det blir opplevd som eit løftebrot. Og representantar frå dei tilsette meiner Solstad Farstad bryt spelereglane.

Totalt blir det fjerna rundt 100 årsverk, halvaprten i utlandet.

- Det er overraskande at det blir så radikalt, seier Sverre Andreas Farstad, som er sterkt misnøgd med fordelinga mellom Skudneshavn og Ålesund.

Solstad redero har hovudbasen sin i Skudneshavn, og ifølgje konsernsjef Lars Peder Solstad blir der seks færre årsverk.