Vêret har vist seg frå ei ufyseleg side før på dag - og dette var nok ei viktig årsak til at publikummet ikkje var stort då Hareid blandakor med dirigent Kjell Grimstad tok oppstilling framfor bysta til grunnleggjaren av Hareidsstemna, Johan H. Grimstad.

Det har blitt tradisjon at Hareid blandakor syng ved bysta første laurdagen i Hareidsstemna, og på programmet stod fire songar, blant desse var «Høsten er kommet». Og det passa godt til vêret. Men regnet heldt seg borte heilt til siste minuttet. Då fossa det igjen ned frå himmelen og korsongarane måtte leite fram paraplyane.

- Det gjer ingen ting. Litt regn betyr lykke for resten av Hareidsstemna, sa stemneleiar Kari Riise då ho la ned blomster ved bysta til Johan H. Grimstad.

Deretter var det å springe det raskaste beina kunne klare for å kome seg under tak.

Ein god del av dei sprang til Hareid kunstlag sine lokale lenger inne i Kjøpmannsgata, der det både var offisiell opning av Hareidsstemna og opning av kunstutstilling.