Klokka 5.10 i dag tidleg vart det meldt om brann i eit hus i Drammensvegen i Hareid sentrum.

Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til staden.

Ein person budde i huset. Politiet opplyser at han kom seg uskadd ut av bygningen.

Brannårsaka er ikkje kjend enno, men politiet vil etterforske saka.

Det var ikkje fare for andre hus i området.

Politiet har sperra av området rundt bustaden.

Alle naudetatar rykte ut då det vart meldt om brann i eit hus på Hareid ti over fem i dag tidleg. Foto: Einar Orten Trovåg