Dei fem tilbydarane er, i følgje Anlegg.no:
Mesta Drift A/S kr 32 335 355,-
Christie & Opsahl A/S kr 33 536 843,-
Norwegian Contructions Kr. 36 470 210,-
Secora A/S Kr 37 706 273
BMO Entreprenører A/S Kr 37 421 804
Tilboda er utan moms og blir kontrollrekna før ein vedtek kven som får oppdraget. Men som ser: Mesta ligg best an.
Ferjesambandet Årvik – Koparnes skal få større ferjer for å møte trafikkveksten – og då er det også naudsynt å heve standarden på begge ferjekaiene. Arbeidet tek til i januar 2013 og skal ver avslutta i august same år.
Utbygginga gjer at ferjesambandet blir heilt stengt frå slutten av februar til midten av juni. Trafikken vil då køyre fylkesveg 2 mellom Fiskå og Åram, langs Hakallestranda.
Det vil kome nye ruteplanar for sambandet Larsnes – Åram, som vert trafikkert av to ferjer.