Hareid kommunestyre vedtok i siste møte med 14 mot 7 stemmer å kjøpe aksjar i Kystvegen Florø-Måløy for 10.000 kroner.

Kjartan Grimstad (FrP) foreslo å droppe kjøpet i det han viste til kommunen sine økonomiske problem.

Også Hallgeir Teigene (Folkelista) ville stemme i mot.

Derimot ville Siv-Marit Røsyet Kaldhol (AP) stemme for, sjølvom ho hadde vore i mot i formannskapet.

- Vi støttar naboane våre - og satsar på at det vil opne for at vi får støtte til Hafast seinare, sa ho.

Ordførar Anders Riise (H): - Dette er eit godt prosjekt. Vi får igjen i neste omgang sidan dette er ein del av kystvegen Ålesund-Bergen. Aksjekjøpet er ikkje forbruk.

Vi får igjen aksjekapitalen når selskapet blir avvikla - slik tilfellet var med Eiksundsambandet.

- Aksjar er aksjar, ikkje garantiar. Kjersti Røyset Topphol (KrF) og Vidar Vollsæter (H) støtta ordføraren i dette.