Dagleg leiar Werner Bigseth i firmaet Kulsveen til Ulsteinvik for å selje hus i Spania.

Når gråveret heng seg fast, kan nokon og ein kvar drøyme om eit liv i varmare strøk. Selskapet Kulsveen SL har i 12 år formidla feriebustader til nordmenn i Spania. Werner Bigseth er dagleg leiar i firmaet, og han opplyser at på kundelista har det dei tre siste åra stått mange frå Sunnmøre.

I år har dei alt vore på vitjing i Ålesund, og 17. og 18. november står Ulsteinvik for tur. Interesserte kan finne dei ved Quality Hotel Ulstein.

Bustadene som Kulsveen sel er avgrensa til Costa Blanca-kysten, frå Alicante og sørover.

Kulsveen samarbeider med fleire utbyggjarar i Spania, men har eit spesielt nært forhold til Euromarina, som i over 40 år har bygd bustader langs kysten av Spania.

Kulsveen og Euromarina har valt bort dei tradisjonelle bustadmessene i Norge. Dei vil heller ha ei meir uformell og personleg tilnærming til potensielle kjøparar.

Kjøpars marknad i Spania

Werner Bigseth meiner det finst mange gode grunnar for å vurdere kjøp av bustad i Spania akkurat no:

– Finanskrisa i Spania har gjort at prisane på nye og brukte bustader har gått kraftig ned i Spania. Det er kjøpars marknad. Dessutan står krona sterkt i høve til euroen, forklarer han.

At Spania har redusert momsen på nye bustader for å stimulere til nybygging og fleire arbeidsplassar ut 2012, er også eit poeng.

– Og for Sunnmøringar er det sjølvsagt eit poeng at det no går direktefly frå Vigra til Alicante, legg han til.

Kulsveen sel alt frå leilegheiter i blokk, rekkjehus og einebustader i Spania. Prisane varierer sjølvsagt etter storleik og plassering, men Bigseth opplyser at det er mogleg å få seg ei fin leilegheit for ca. 1,5 millionar kroner.

Bestseljaren er rekkjehus med vaktmeisterteneste. Det gjer livet sutlaust i Spania.

Og viss nokon lurer: Werner Bigseth har røter på Hareid. Bestefar hans utvandra frå Langerysta på Bigset til Austlandet.