Arnstein Andersen frå Dragsund og barnebarnet Håkon frå Halden fann i går ein flaskepost i fjøra. I den tilsynelatande kortreiste flaskeposten låg der eit brev frå ein som heiter Peder som bur på Dimna.

Peder inviterar finnaren til å skrive til seg. Problemet er berre at brevet ikkje inneheld etternamnet til Peder. Difor blir det vanskeleg for Arnstein og Håkon å skrive til flaskepostsendaren.

Er du den mystiske Peder eller kjenner du til ein Peder som bur på Dimna? Ta kontakt med Vikebladet Vestposten slik at vi kan skape kontakt mellom flaskepostsendar og finnar.