17. mai er ein av årets store festdagar, men ikkje alle har like lyst til å vere med på festen. Korps, støy og store folkemengder kan bli eit mareritt for hunden. Dyrevernalliansen rådar hundeeigarar til å la hunden sin vere heime på nasjonaldagen.

Mange hundar synest det er stressande å bli tatt med på bytur, i skulegarden eller tog.

- Dei sterke sansane til hunden gjer at han får med seg mykje meir av luktar, lydar og rørsler enn me gjer. Dei fleste hundar vil oppleve ein bytur på nasjonaldagen som overveldande, meiner Live Kleveland, kommunaikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Slik kan du hjelpe hunden din:

Om det blir mykje støy og hunden er aleine heim, kan du setje på TV eller radio og passe på at vindauga er lukka.

Gje hunden noko godt å tygge på. Ikkje berre får han noko godt å ete, det er avslappande og tilfredsstillande å drive med.

Om du trur hunden blir engsteleg: hald han med selskap eller fånokon til å passe på hunden.

Gje hunden hjernetrim. Ta med hunden ut på kvelden når folk har dratt heim og la han utforske alle luktane etter dagen. Dette er super hjernetrim og du får garantert ein nøgd hund!

Kva med å feire dagen ute i naturen? Ta med festmaten og dra til skogs. Finn ein hyggeleg stad og nyt naturen medan hunden får utforske og slappe av.

Kattar bør også vere inanndørs denne dagen. Sørg for at katten har stader å trekke seg tilbake til. Om katten blir skremd av høge lydar kan han stikke av.