Det er fem år sidan Gudrun Vik Hareide flytta inn på Hadartun, og det har ho ikkje angra på ein dag. Ho veit at ho ikkje greidde å bu i huset sitt og vedlikehalde det. I leilegheita si på Hadartun har ho det aldeles utmerkt.
Etterlyser betre vedlikehald
Her får dei god mat og godt stell, men ho saknar meir hjelp med husstell. Hushjelpa er der ein time kvar fjortande dag. Sjølv om leilegheita til Gudrun ikkje er så stor, seier det seg sjølv at det er avgrensa kva ho når over.
– Eg forlèt gjerne leilegheita mi når hushjelpa kjem, så ho skal få arbeidsro, fortel Gudrun, som ikkje vil at tida skal gå vekk på for mykje prat.
Grøn veranda
No er våren komen, og Gudrun synest det kunne vore hyggeleg å setje seg ut på verandaen sin på godvêrsdagar, men ikkje slik det ser ut no. Verandaen har ikkje vore vaska på fleire år, og det er godt synleg.
– Det er vel meininga at eg skal gjere det sjølv, men det greier eg ikkje. Det er tungt å bere ei bøtte med vatn, forklarer Gudrun, som blir 90 år neste sommar og er beinskjør. Ho har skrive brev til Hareid kommune om problemet. Der skildrar ho uteområdet sitt slik: «Mai er her og det ljosnar alt meir, snart kan ikkje ein gong natta skjule dei grøngrodde verandaer på Hadartun.»
Ein ting er å bere bøtte med vaskevatn ut på verandaen, gjennom stova si, verre er det å ta skitvatnet tilbake. Og kvar skal ho slå ut vatnet?
– Slik som her ser ut må fagfolk koplast inn i reingjeringa, meiner ho. Før verandaen blir vaska kan ho ikkje bruke han – og har ho små born på besøk, får ikkje dei heller gå ut der, for der er så skite.
Gjeld fleire bebuarar
Gudrun Vik Hareide fortel at dette problemet gjeld fleire bebuarar i leilegheitene på Hadartun, men mange av dei eldre kvir seg for å stå fram i avisa.
Håpet no er at det kjem nokon og tar ei vårreingjering på verandaene til dei eldre. Berit Aasen, kommunalsjef for velferd, seier til Vikebladet Vestposten at ansvaret ligg i eigedomsavdelinga i kommunen. Ho er klar over at brevet har kome og har etterlyst eit svar frå teknisk etat.