NRK Møre og Romsdal skriv tysdag at regiondirektør Torill Ytreberg i NHO er skuffa over resultatet av kommunereformen i Møre og Romsdal. Ho hadde håpa på ein reduksjon frå 36 og ned til mellom fem og sju kommunar i fylket. No kan resultatet sjå ut til å bli ein reduksjon til 30 kommunar.

Til NRK seier Ytreberg at det er eit veldig stort sprik, og at NHO ser på dette som lite framtidsretta. Ytreberg meiner bruken av folkerøystingar har vore feig, skriv NRK Møre og Romsdal.

Ho hadde håpa på større kommuner, der byane og landkommunene fann saman i storkommuner. På ytre søre Sunnmøre gjekk Runde kommune i vasken, og heller ikkje storkommunen rundt Ålesund har fått bein å gå på.

I staden jobbar Ulstein og Hareid no med alternativet Hareidlandet kommune.

Les også: - Ei øy utanom det vanlege

No håpar regiondirektøren at fylkesmannen i Møre og Romsdal skal vere tøffare når han leverer si tilråding.