Dei som føretrekkjer å renne seg anten på ski eller snowboard frå skisentera sine toppar, lyt smørje seg med tolmod. For sundag er det framleis berre Ørsta skisenter på Bondalseidet som har fått opna. Då berre barnetrekket.
Har snømaskin
I motsetning til Volda-anlegget har Ørsta skisenter moglegheit til å produsere snø om temperaturane tillet dette. Og med dei låge temperaturane den siste veka, har dei fått produsert nok til å opne den nedste delen som har ei snødjupne på 40 centimeter.
Resten av anlegget er stengd, grunna låge snødjupner frå 0–20 centimeter. På Eitrefjell er djupna lik null. medan Nottane har snaue 20 centimeter.
Må vente
Volda skisenter har ikkje snøkanonsen og må då spele på lag med vêrgudane for å kunne opne anlegget sitt.
På webkameraet deira syner det seg sundag ettermiddag at det framleis ikkje ligg nok snø til at dei kan opne.
Volda skisenter skriv på sine heimesider at sesongopninga dei siste to åra har som regel vore i andre halvdel av desember måndag, og at det er snøforholda som bestemmer når skiheisa kan byrje å gå.
Volda skisenter har ingen registrerte snødjupner.
Strålande vêr og føre
For dei som ikkje klarer å vente og har nokre markerte fridagar på kalenderen, kan Bjorli skisenter freiste med topp forhold og godt vêr.
Dei har på lik linje med Ørsta skisenter fått utnytta kuldegradene slik at dei kan produsere snø. Men dei har derimot fått opna heile anlegget med ei jamn snødjupne på 90 centimeter både på toppen og i botn av anlegget.