Den gamle ungdomsskulen er snart riven. Når han er riven, blir området teke i bruk til parkeringsplassar og uteområde for den nye ungdomsskulen. Det er utarbeidt ein uteplan i samarbeid med ein landskapsarkitekt. Den offisielle opninga av den nye ungdomsskulen er måndag 8. juni i år. Under opninga blir det helsingar, kaker og kaffi og omvising på bygget.