Bokbåt-satsinga her i fylket får utmerkinga for å vere ei unik flytande bibliotekteneste som har vore til nytte og glede for folk langs kyst og fjord i snart 50 år.
Det var ein overraska, glad og stolt Bokbåt-stab som mottok prisen under årsmøtet i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal tysdag.
- Denne prisen betyr utruleg mykje, ikkje berre for oss, men for alle som besøker Bokbåten på dei 70 stadane i fylket vi besøker kvart år, sa sa Katrine Solberg hos Bokbåten, då ho takka for prisen.
Ho viste til at for mange er dette det einaste bibliotektilbodet.
- Vi har eit fantastisk Bokbåt-team og svært viktige støttespelarar og kontaktar på dei stadane vi oppsøker, understreka Solberg.
Leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø, sa ved overrekkinga at svært mange i vårt fylke har gode minne om sterke forventningar knytt til Bokbåten.
- Den har vore ein kulturformidlar, begeistrar og inspirator i snart femti år. I medvind og motvind har den sigla i eit geografisk utfordrande farvatn og får kvart år besøk få 58 barnehagar og 52 skular.