Banksjef Endre Vatne i Nordea Ulsteinvik opplyser at minibanken på Hareid ikkje har vore operativ sidan 1. april i år.

- Det vart eit kostnadsspørsmål. Bruken av minibanken har gått betrakteleg ned, men husleige og videlikehald rundt banken minka ikkje. I tillegg var minibanken gammal, og stod framfor ei nyinvestering viss der skulle vere framhald, forklarer banksjefen.

Styresmaktene vil ha ned kontantbruken

Vatne legg til at det i tillegg er eit ønskje frå styresmaktene å få redusert bruken av kontantar for å kome til livs problemet med svart økonomi.

Sjefen i Nordea Ulsteinvik kan forstå at alle på Hareid ikkje er begeistra for at minibanken er lagt ned, men peikar på at i dag har alle butikkar kortautomat, og at dei fleste også gir ut kontantar, gebyrfritt.

Det er framleis ein minibank att på Hareid. Sparebanken Møre sin.

Mykje brukt i Ulsteinvik

På spørsmålet om Nordea snart også kjem til å legge ned minibanken i Ulsteinvik, svarer Vatne at han ikkje trur det er aktuelt på kort sikt. Minibanken der er faktisk ein av dei mest brukte på heile nordvestlandet. Han er meir brukt enn dei fleste minibankane på Moa.

- Men det er fire minibankar i Ulsteinvik, og vi ser frå andre stader at konkurrerande bankar i byar og tettstader har gått saman om å drifte ein minibank. Med det eg veit har ikkje dette vore diskutert i Ulsteinvi, men eg ser ikkje bort frå at det kan bli ei løysing i framtida, seier Endre Vatne.

Banskjef Endre Vatne i Nordea stadfester at minibanken til Nordea på Hareid er lagt ned. Men minibanken i Ulsteinvik er blant dei mest brukte på nordvestlandet, og vil nok ikkje bli lagt ned med det første.