Med svak motordur i bakgrunnen peikar og forklarer ein entusiastisk Ragnar Thorseth om sitt nyaste eventyr. Den erfarne eventyraren, som seinast sist sommar sette seg i båten for å ro over nordsjøen, inviterer no grupper heim til seg for å la dei ta del i Thorseth-sagaen.

- Det er komne til ein nesten ferdig byggjeplass og den offisielle opninga er 9. april, fortel Thorseth som torsdag viste inviterte gjestar rundt på sitt nye opplevelsessenter.

Torsdag vart det gjennomført dåp av opptil fleire nye bygningar heime på tunet hjå Thorseth, mellom anna eitt der Nordsjø-båten "Brattholm Havila" skal stillast ut, samt eitt der Thorseth har samla fungerande båtmotorar.

Torsdag viste Ragnar Thorseth også fram ein ny film, der fokuset er kona Pen Thorseth.

- Eg lever no mitt andre liv, og det er takka vere Pen, fortel eventyraren.

Sjå video frå presentasjonen av Ragnar Thorseth sitt nye prosjekt i toppen av saka.

Les meir om dette i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Ragnar Thorseth presenterer sitt nye prosjekt.