Turgåing er svært populært i Ulstein og Hareid. I tillegg til høge fjelltoppar, er det folk som nøyer seg med ein tur på Osberget for å nyte utsikta over Ulsteinvik. Om dei finn vegen då ...
Betre skilting
Ein lesar har kontakta Vikebladet Vestposten i jakt etter betre skilting til utkikspostane på Osberget over Osneset og Skeide.
– Det er eit utruleg flott og lett turmål for dei som ynskjer ein heilt enkel kvardagstrim. Frå stien, som går opp ved Osnesbrunene, finst det ikkje noko skilting som fortel kvar du skal gå for å kome til Osberget. Eg har høyrt om fleire som har enda opp nedi Bugardsmyrane, fortel lesaren.
Det er mange stiar som fører til Osberget. Difor håpar han at IL Hødd vil vere så snille å setje opp skilt eller kart.
– Det er eit godt besøkt turmål. Det ser eg i turboka til IL Hødd på utkikspunktet over Skeide, seier han, som samstundes understreker at det er eit ønskje og ikkje eit krav om skilting.
Vil lage skilt
Leiar i IL Hødd si trimgruppe, Lindor Skeide, fortel til Vikebladet Vestposten at det i dag berre er skilt som peikar til Osberget frå Skeide.
– Desse skilta er det eg som har laga til. Eg er heilt eining. Det burde vore skilt på sida frå Bugarden som viser veg til Osberget også, seier Skeide.
Han fortel at turboka på utkikspunktet blir signert av om lag 400 turgåarar i året, medan andre punkt blir signert av 2000. Det kan vere fordi folk ikkje finn vegen til Osberget.
– Det har nok ein samanheng med manglande skilt. Eg vil på eige initiativ lage til nokre solide skilt som vi kan setje opp ved Bugardsmyrane, lovar Skeide til slutt.