Planter rotnar etter 14 dagar og englar står under vatn på eit felt ved Hareid kyrkjegard.

Inghild Brekke begynner å bli lei av tilhøva ved Hareid kyrkjegard. Far hennar vart gravlagd i eit nytt felt i sørenden av kyrkjegarden i 2001. Og alt det første året starta problemet: plantene dei sette ned rotna på rot etter om lag 14 dagar. For ei tid tilbake gjekk ho til det skrittet å setje ned kunstige blomstrar. Men det synte seg at heller ikkje det var noko god løysing.

– Når det regnar sprutar det depel opp etter blomstrane, og dei blir svarte og stygge, fortel ho.

Problemet er akkurat det same på gravminna i nærleiken. Rotne blomstrar er å sjå fleire stader. Enkelte graver er fint pynta med avskorne blomstrar i vase, men englar og anna pynt som er plasserte rundt står med vatn langt opp over seg.

Laus gravstøtte

Inghild Brekke fortel at i vår viste det seg at gravstøtta hadde losna. Ho ringde då kyrkjekontoret for å få vite kva ho skulle gjere. Der fekk ho opplyst at gravstøttene var eigaren sitt ansvar, og ho fekk oppgitt eit namn på ein person som kunne rette henne opp og feste henne på nytt.

Så no står gravstøtta trygt.

– Men eg fryktar ho vil losne igjen viss vi får ein vinter med mykje frost. Her er så mykje vatn at også gravstøttene må vere ekstra utsette, legg ho til.

Brekke aksepterer at gravstøttene er festaren sitt ansvar. Men ho meiner Hareid kommune må ha eit ansvar for at gravplassen er skikkeleg. Det er trist både å gravlegge folk i eit område der vatnet står høgt, og det er moalaust i lengda å ikkje kunne lage det pent på gravminnet fordi den vassjuke jorda øydelegg alt dei prøver å plante der.

Leire

Kyrkjeverje Bjørg Vartdal Hareide opplyser at vatnet kjem av mykje leire i grunnen på dette gravfeltet. Ho har fått fleire klager på tilhøva. Kyrkjeverja har planar om å sende brev til Bispedømmerådet med spørsmål om kva lover og reglar som gjeld for renovering av eit etablert gravfelt. Drenering vil ikkje vere enkelt i eit felt med graver. Dessutan må Hareid kommune vere med på å bere kostnadene.