Etter at rypejakta her i landet i fjor vart den dårlegaste som har vore nokon gong, viser ei storstiltg rypeteljing i år i regi av Statskog ein viss oppgang.
Statskog skriv i ei pressemelding at jaktresultatet i fjor på 120.000 ryper nesten var ei halvering frå året før.
Teljingane i år viser fleire ryper i nesten alle område, med unntak for nokre stader i trøndelagsfylka.
Ei viktig forklaring på oppgangen er truleg færre raudrevar. Dei har fått vanskar på grunn av "krasj" i lemenbestanden i fjor. Ting tyder på at mange raudrevar strauk med i vinter.
Med færre rev i terrenget er det fleire rypekyllingar som får vekse opp.
43.000 nordmenn gjekk på rypejakt i fjor, mot nærare 60.000 for berre eit par år sidan. I kronåra 1987-1988 var over 100.000 rypejegerar på jakt.