Skulestarten nærmar seg ved Ulstein vidaregåande skule og Bård Ringstad fortel at det for elevar som vil byrje på VG1 er ventelister på alle linjene.
– Det er flest på venteliste for Elektro, men også ein del som står på venteliste for studiespesialisering og tekniske allmenne fag (TAF), samt nokre på Idrett og Service og samferdsel, fortel Bård Ringstad.
Vidare seier han at søkjartala på skulen er nokolunde stabile og at hovudbolken av elevar kjem frå Ulstein, Hareid, Sande, Herøy og Vanylven, men at TAF og Idrettslinja også har nokre frå mellom anna Ørsta og Volda.
I fylgje Ringstad er det i overkant av 100 som ventar på plass på skulen og heile 31 på VG1 Elektro, der 15 har Ulstein vidaregåande som primærval.
– Vi tek inn elevar også etter at skuleåret har starta, dersom det er det rette. Det viktigaste er at elevane kjem inn på ei linje dei ynskjer å gå på.