Sundgotmarka barnehage har teke i bruk ein brakkerigg utan løyve frå kommunen.

Teknisk etat ved Ulstein kommune har nyleg sendt ut eit førehandsvarsel om overtredingsgebyr til Sundgotmarka barnehage som er tiltakshavar og Ulstein Eigedomsselskap som står som ansvarleg søkjar for ein mellombels brakkerigg ved barnehagen.

I fylgje brevet frå Ulstein kommune har det vorte konstatert at det mellombelse brakkebygget har vorte teke i bruk utan at det har vore søkt om bruksløyve eller ferdigattest og at dette er noko som etter plan- og bygningslova kan straffast med overtredingsgebyr.

– Kommunen er av den oppfatning at overtredinga i dette tilfelle er forsettleg eller aktlaus fordi det bør vere godt kjent både for eigar og brukar at bruksløyve/ferdigattest skal ligge føre før eitkvart tiltak kan takast i bruk, grunngjev kommunen.

Det vert også merka i brevet frå Ulstein kommune at det i utgangspunktet er eigar eller tiltakshavar, i dette høvet Sundgotmarka barnehage sitt ansvar at plan- og bygningslova vert overhalde, men at det i denne saka er ein ansvarleg søkar i Ulstein eigedomsselskap som har teke på seg ansvaret i byggesaka og at begge partar difor kan få overtredingsgebyr frå kommunen.

Partane har tre veker på å sende inn ein uttale i høve saka. Den eventuelle storleiken på gebyret er ikkje fastsett på noverande tidspunkt.