Nordfjord Bygg blir totalentreprenør for STADT Eigedom si storsatsing i Gjerdsvika.

Direktør Hallvard Slettevoll opplyser at det blir den største investeringa STADT nokon sinne har gjort.

Bygget blir på om lag 3000 kvadratmeter, og kontrakten som er signert er på vel 30 millionar kroner.

STADT satsar på å vidareutvikle teknologisenteret med tilgang til sjø, og selskapet forventar at både kommunen og Kystverket fyl  opp med utviklinga av hamnebassenget, slik det ligg føre i Nasjonal transportplan.

- Senteret blir viktig for at STADT skal kunne ekspandere vidare i si internasjonale satsing på elektriske framdriftssystem for skip, forklarer Slettevoll.

Selskapet fekk for kort tid sidan ein prestisjefull miljøpris for Offshoreskip på ei internasjonal tilstelling i London.

Både Innovasjon Norge og DNB har vore sentrale partar for STADT Eigedom i dette prosjektet.

Fleire tilsette

Bygget skal vere klart til innflytting i mai 2015, og er dimensjonert for langt fleire tilsette enn det selskapet har i dag. I tida framover kjem derfor STADT til å rekruttere fagfolk i mange kategoriar. Alt frå elektromontørar, salspersonell, logistikkmedarbeidarar og senioringeniørar.

Rekordstor ordrereserve

Ordrereserven til STADT er på 22 skipssystem til ein verdi på godt over 200 millionar kroner, og er den største nokon sinne.