Felleskjøpet kuttar ut bruken av palmeolje i det økologiske dyrefôret etter at det tidlegare denne veka vart kjent at mjølkekyrne får mat med denne typen olje i.

Det var NRK som måndag fortalde at Felleskjøpet bruker palmeolje i kufôret. Palmeolja er omstridd fordi produksjonen kan vere svært miljøskadeleg. Dessutan er palmeolje lite gunstig for helsa på grunn av det høge innhaldet av metta feitt.

Felleskjøpet sa same dagen at dei må ha tre til fem år på seg til å avvikle palmeoljebruken. Men no skriv Nationen at Felleskjøpet allereie onsdag denne veka har kutta ut palmeolje frå det mest populære økologiske fôret, «Natura drøv 19».

– Vi har fått ein del spørsmål frå kundane og ønskjer å gjere noko med det raskt, seier kommunikasjonssjef Thomas Skjennald i Felleskjøpet Agri til avisa.

Han opplyser at det av praktiske omsyn må gå nokre veker før alt det økologiske fôret er fritt for palmeolje. På sikt ønskjer Felleskjøpet å fjerne palmeolja frå alt kraftfôr, men først må dei finne ei god erstatning, seier Skjennald.

Økobonde Johannes E. Mundal i Sogn synest det høyrest rart ut.

– Eg synest det er spesielt at dei seier det ikkje finst noko godt alternativ til palmeolje. Vi har hatt kyr i Noreg i mange hundre år utan å ha vore avhengige av palmeolje, seier bonden.