Dei køyrer land og strand rundt med sjølvlaga teppeveveri. Torsdag var ekteparet Steffen Wesnes og Cathrine Hærem frå Ledaal Teppeveveri på plass i Ulstein kyrkje, for å leggje ut ein ny løpar.

Familiebedrifta frå Stavanger har laga dei vovne teppa i om lag seksti år og gjer alt frå botnen.

– Ja unntatt å klippe sauen, smiler Cathrine Hærem.

Sjølve vevinga av ein rullen som leggjast i kyrkja tek om lag to veker, fortel dei to, men heile prosessen, frå ull til ferdig teppe, tek gjerne rundt fire eller fem veker.

Maskin frå Devoldfabrikken

Løparar til kyrkjebygg er eit av produkta den vesle bedrifta leverer, og nyleg var ekteparet i Fjørtoft kyrkje i Haram.

– Det er eit av beina vi har å stå på, fortel Hærem.

På teppeveveriet er mykje som det har vore i all tid. Ei datamaskin er det mest moderne hjelpemiddelet bedrifta nyttar, men sjølve maskinene teppa er produserte på har langt fartstid.

– Dei eldste maskinene våre er frå 1800-talet, seier Cathrine Hærem.

– Men for nokre år sidan så var vi på Sunnmøre og kjøpte ei vevemaskin frå Devold. Så den er berre 50–60 år gamal, legg Steffen Wesnes til.

Fjerna på 2000-talet

Kyrkjeverje i Ulstein sokn, Anders Myrene, fortel at den nye løparen er eit resultat av at det vart teke opp og diskutert eit ønskje om ny løpar i gudstenesteutvalet.

– Det var ønskt både på eit estetisk grunnlag, men også fordi det er med på å dempe litt av lyden, mellom anna av folk som går over golvet, seier Myrene.

Det har vore liknande løparar tidlegare, men den siste vart teken vekk på byrjinga av 2000-talet. Myrene fortel at den førre vart fjerna hovudsakleg fordi den var svært slite.

For å finne rette verksemda for å ta seg av produksjon og legging av den nye løparen sendte soknet ut ein anbodsinvitasjon til fleire produsentar.

– Det var eit anbod som både tok føre seg pris og kvalitet. Deretter tok fellesrådet avgjersla, seier Myrene.