I løpet av perioden 2000-2012 har arbeidsplassdekninga i Hareid gått ned frå over 90 prosent til under 80 prosent i 2011. Dette talet er mykje lågare enn snittet for kommunene som vert rekna som Eiksundregionen, som ligg i overkant av 95 prosent. Eiksundregionen er regna som Vanylven, Sande, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein og Herøy.Frå 2011 til 2012 har Hareid hatt ei positiv utvikling og kjem over 80, men 2011 var eit svakt år, og då gjekk arbeidsplassdekninga i kommunen ned nesten seks prosent.

I Ulstein kommune har det vore ein jamn vekst i arbeidsplassdekninga sida 2004, som var siste år med nedgang. Veksten var størst frå 2005 til 2007, og har dei siste åra vore på om lag fire prosent.