Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av design og utstyrspakke til fire offshorefartøy som skal byggjast ved Cosco Guangdong verftet i Kina for reiarlaget Chellsea Pte. Ltd. i Singapore.

Ordren er ei realisering av opsjon. Frå før har same reiarlag og verft fire tilsvarande UT 771 WP design under bygging. Med den nye kontrakten får Chellsea offshore til saman åtte  supplybåtar av denne typen. Desse kjem i tillegg til dei to UT 755 LN som reiarlaget opererer i dag.

Skipsdesignet som Chellsea har bestilt får den karakteristiske ”wave piercing”-baugen. Baugen reduserer bølgjemotstanden i grov sjø, noko som gjev jamnare fart, redusert drivstofforbruk og auka tryggleik om bord.

– Me har eit veldig godt samarbeid med Cosco og Chellsea, seier Ronny Pål Kvalsvik, salssjef ved designavdelinga i Ulsteinvik. – Denne kontrakta stadfestar tilliten deira til så vel Rolls-Royce som til UT-designet, seier han.

I tillegg til skipsdesign skal Rolls-Royce levere ein stor utstyrspakke som inkluderer MTU-motorar, framdriftsanlegg, elektriske system, bulkhandteringsanlegg, dekksmaskineri, automasjons- og kontrollsystem, samt dynamisk posisjoneringsutstyr (DP) som held fast auget i posisjon utan bruk av anker.

Dei fire fartøya skal vere klare til levering i løpet av første kvartal 2017.