Coop Extra satsar stort på grilling i sommar, og har laga sitt eige "roadshow" som rullar gjennom landet. Fredag 20. juni skal dei lage show på plassen utanfor Coop Extra på Hareid.

Det ambulerande grillteamet skal fyre opp grillane, og dei håper både store og små vil kome for å smake på nokre av dei rundt 100 ulike grill- og sommarprodukta.

- Sommaren er her, og det vil vi feire. I tillegg til smaksprøver, blir det artige aktivitetar for heile familien, musikk og konkurransar med premiar, fortel butikksjef Grete Elvanes på Hareid.

Vinnaren av hovudkonkurransen får ein gratis grillfest for inntil tolv personar.

Festen blir arrangert same dag, og grillteamet til Coop Extra vil dukke opp og dekke til fest med grillmat, langbord og tilbehør, anten heime i hagen til vinnaren, på stranda eller ein annan høveleg stad.

Einaste kravet er at grillfesten må haldast innanfor ein times køyretid frå butikken, legg Elvanes til.