I siste formannskapsmøtet før jul vedtok dei å bruke 297 000 kroner av kommunal kompensasjonsordning til forsamlingshus/lokale som fell utanfor vanlege ordningar.

Grendehusa kunne søkje om kompensasjon for tapte inntekter på grunn av avlyste arrangement i november 2021, desember 2021 og januar 2022.

Totalt kom det inn 14 søknader, 12 av dei fall innanfor retningslinene for å søkje.

Ein del lokale prøvde å få pengar igjen for tapte inntekter for ein heile året, og også for fjoråret, men formannskapet valde å halde seg til dei vedtekne kriteria dei hadde sett.

Slik vart pengefordelinga:

  • Stiftelsen Vikholmen 12 765,64 kr

  • Forsamlingshuset Ljosheim 16 365,64 kr

  • Ulsteinvik indremisjon 31 365,64 kr

  • Sundgot bedehus 36 365,64 kr

  • EiksundGrendahus 15 365,64 kr

  • Flø ungdomshus Vonheim 23 365,64 kr

  • IL Hødd Høddvollhuset 15 365,64 kr

  • Dimna Grendahus SA 25 365,64 kr

  • Hasund Bygdahus 21 165,64 kr

  • Pinsekyrkja Filadelfia 16 959,64 kr

  • Haddal Grendahus 9 365,64 kr

  • Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule 35 065,64 kr

Steinar Torvik (KrF) og Stian Skorgen Scheide (H) var ikkje med å handsame denne saka, då Torvik sit i styret i Sundgot bedehus og Scheide i styret i Stiftelsen Vikholmen.

Det vart også gitt støtte til Folk Spiseri AS. Det var også ein pott med pengar som skjenkestadene kunne søkje på, der dei fekk støtte etter tal på årsverk. Etter fristen hadde Folk Spiseri AS sendt inn ei oppdatering på kor mange årsverk dei hadde. Sidan skjenkestadene hadde kort frist, og det var litt forvirring rundt fristane, ønskte kommunen å imøtekome Folk Spiseri og løyvde også pengar til dei.

Men no er potten tom.