Dei siste dagane har det vore mogleg å sjå nordlys på Hareidlandet. Både fredag og laurdag har dei mørke og klare kveldane gitt gode høve for å sjå det flotte lyset på himmelen.

Men laurdag var det fleire spektakulære himmelfenomen som gjorde seg synlege over Sunnmøre.

Laurdag kveld vart det nemleg observert ein tydeleg meteor fleire stadar i Norge, inkludert på våre kantar.

Fekk du tatt bilete eller video av meteoren eller nordlyset? Send gjerne inn til redaksjon@vikebladet.no

Foto: Andreas Bjerknes