I føremiddagstimane hamna det i dag (tysdag) ein bil på taket på Rise i Hareid kommune. I bilen sat der to personar. Båe vart sendt til legevakta for sjekk, men ingen av dei skal vere alvorleg skadde.

Politiet melder om at bilen var utstyrt med dårlege sommardekk på det glatte føret, så der blir oppretta sak.

Fleire med sommardekk

Vinteren kom brått på sunnmøringane denne gongen. Fleire køyrer framleis rundt med sommardekk. I morgontimane hamna ein bil på taket utanfor vegen på Remøy i Herøy kommune. Og ein bil sleit i bakkane på Leikongeidet. Politiet i Nordmøre og Romsdal gjekk ut i dag og bad alle som køyrer med sommardekk om å la bilen stå.

Oppmodinga må vere å sko seg etter føret og køyre forsiktig.