Torgeir Dimmen (54) er tilsett som ny leiar ved Nynorsksenteret frå 1. januar 2012. Han kjem frå ei undervisningsstilling ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, og har tidlegare også undervist i nordisk og mediefag ved lærarutdanninga. Han har også vore informasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Leiarstillinga ved Nynorsksenteret er på åremål. Den avtroppande leiaren, Anne Steinsvik Nordal, går tilbake til ei undervisningsstilling ved Høgskulen i Volda. Nordal har vore leiar ved Nynorsksenteret i sju år, heilt sidan starten i 2005.

Nynorsksenteret har i dag elleve tilsette og er eitt av åtte nasjonale senter som Kunnskapsdepartementet har oppretta for å styrkje opplæringa på ulike fagområde. Senteret er lokalisert ved Høgskulen i Volda, og har som mandat å styrkje nynorskopplæringa frå barnehagen til og med vidaregåande opplæring. Senteret samlar inn og dokumenterer gode røynsler frå barnehagar og skuleverket. Gratis ressursar og støttemateriell vert utvikla, systematiserte og formidla på vevsida til senteret.