Bente Riise (48) har vore redaktør for det nynorske tidsskriftet Syn og Segn i fire år, og har nyst lenga åremålskontrakten med fire nye år.

Ho har nærast blitt ein grossist i å hale i land gjeve prisar. Før ho kom til Syn og Segn var ho i 12 år redaktør for bladet Psykisk helse, som i hennar leiarperiode fekk seks fagprisar. Av desse også hovudprisen “Årets tidsskrift”.

No har ho altså gjort det igjen, denne gongen med Syn og Segn.

Fundamentalist

Forklaringa på dei mange prisane, meiner ho er enkel:

– Eg er fundamentalist når det gjeld lesbarheit. Språket skal vere godt, og lesarane skal lett kunne fatte artiklane som kjem på trykk. Same filosofien har eg også for det visuelle inntrykket. Det skal vere lett å fatte, men likevel ha høg kvalitet.

Riise opplyser at Lise Myhre er designar for Syn og Segn, og at ho også var designar for Psykisk helse.

– Å få denne prisen er sjølvsagt stor stas. At juryen legg vekt på breidda som Syn og Segn har i stoffutvalet, ser eg på som ei anerkjenning, kommenterer Bente Riise.

Ho er heile tida på leit etter folk med gode pennar, og som redaktør meiner ho det er viktig å ha eit stort, godt og mangespektra nettverk.

– Redigert med humor og snert

Den uavhengige fagjuryen bak Årets tidsskrift grunngir valet sitt blant anna med at eit kjenneteikn for Syn og Segn er overraskande vinklingar og temaval. Dei meiner tidsskriftet blir redigert med humor og snert, og at det utmerkjer seg både med utsyn og syn for det interessevekkjande og eksotiske også i det nære. Juryen kallar Syn og Segn for ujålete, og eit relevant tilskot av høg kvalitet i den norske tidsskriftfloraen.

Haanes om dei siste dagane i Orkla Media

Siste nummer av Syn og Segn er akkurat kome i handelen, og har fleire sunnmørske pennar. Blant anna skriv journalist Kjetil Haanes i Sunnmørsposten om “Orkla medias siste dagar”. I løpet av nokre dramatiske dagar i 2006 vart Orkla Media seld til britiske Mecom. Midt oppe i det heile stod tillitsvald Kjetil Haanes og skulle prøve å stanse salet. Han gjekk til kamp mot konsernsjef Dag H. Opedal og styreleiar Stein Erik Hagen i Orkla. For første gong fortel Haanes kva som skjedde på innsida. Artikkelen har vekt stor interesse, og avisa Dagens Næringsliv hadde onsdag 26. mai eit stort oppslag basert på Syn og Segn.

Atle Måseide frå Hareid har skrive eit filosofisk essay om vitskap, realisme og antirealisme i “Hjernevask” si tid, og Ane Tusvik Bonde har skrive artikkelen “Frå blogg til fengsel – kreative utvegar i Russland og Kaukasus. Han handlar om at når ytringsfridomen blir innskrenka, må kritiske røyster finne nye metodar for å nå fram med alternative bodskapar.

Syn og Segn har eit opplag på 3200, og Bente Riise nyttar sjansen til å sende ut ei melding om at tidsskriftet treng fleire abonnentar.

Bente Riise er redaktør av Syn og Segn.