Eg gler meg kjempemykje, strålar Kristin Østrem, som sit i programkomiteen for Vitnertreffet på Hareid. Det same gjer Helga Gjerde (hovudkomiteen) og Pål Andre Grimstad Worren (pr. sjef). Trioen har tidlegare vore på Vintertreff både i Kristiansund og Volda, og målet er at årets utgåve skal overgå alle tidlegare treff. Det skal bli årets storhending, smiler Worren lurt. Mottoet for treffet i år er Go(o)d Enough. Hovudbasen for arrangementet blir Hareidshallen, men begge skulane på Hareid, kyrkja, bedehuset og Ressurssenteret må takast i brukf or å huse alt som skal skje. Ungdomane kjem i hovudsak frå Sunnmøre, men også Trondheim og Kristiansund vil vere representerte.

Rundt om i Europa

Konserten med Ten-Sing Norway blir fredag kveld, og dette er ein konsert som også bygdefolket kan få kome inn på. Ten Sing Norway er ei gruppe med tenåringar som i eit år reiser rundt i heile Europa for å inspirere Ten Sing-rørsla. I år skal det fredag gjennomførast noko som ikkje er prøvd tidlegare under Vitnertreffet. Hovudkomiteen har utfordra folk i Hareid til å opne heimen sin for ungdomane. Målet er både at deltakarane kan bli kjende med nokre få første kvelden, og at hareidssamfunnet kan få møte kjekke ungdomar. Om lag 60 heimar har sagt ja til utfordringa og er førebudde på opplegget som er ei uformell samling med samtale og enkel kveldsmat.

Wilson, ein nyskapar innan forkynning

Laurdag skal engelske Pip Wilson i elden. Wilson blir rekna for å vere ein av Europas største nyskaparar innan formidling til ungdom. Han er kjend for å formidle Guds kjærleik til menneska gjennom opplevingar, ikkje berre ord. Ut over laurdagen blir det turneringar og drop-in-aktivitetar i Hareidshallen, fleire konsertar, blant anna med Hareid Ten Sing, show, gudsteneste i kyrkja og fakkeltog frå moloen. Søndag blir det gudsteneste i Hareidshallen. Ei ungdommeleg gudsteneste som er open for bygdefolket. Vintertreffet er arrangert av KFUK-KFUM Møre og Romsdal krins. Hovudkomiteen har sidan juni i fjor arbeidd med å leggje alt til rette for eit godt arrangement. Med i den lokale komiteen er Barbro Østrem (leiar), Signy Karlsen, Ottar Håkonsholm, Magne Smoge, Eli-Sølvi Jønsson, Eldrid Gryt, Lene Veiseth, Odd Erling Norheim Eriksen, Anne Holstad og Johannes Halvorsen. I tillegg til hovudkomiteen finst det ein heil underskog av komitear og frivillige som hjelper til.