Det var like før klokka 16.30 onsdag ettermiddag at det small om lag 200 meter frå Garneskrysset i retning Haddal. Ein bil køyrde mot Haddal då føraren bestemte seg for å ta ein u-sving i ei lomme ved vegen. Bilen som kom bak, ein større bil, klarte å stoppe. Men bilen bak denne igjen klarte det ikkje - og siglde inn i baken på den store bilen. Dei materielle skadane på personbilen var nokså store, og bilføraren vart lettare skadd. Han vart frakta til legevakta med ambulanse. Vegen var ikkje glatt; det var turr asfalt der kollisjonen skjedde.

Politiet var på plass - saman med ambulanse - og brannbil (rutinemessig). Foto: Aksel Knutsen