Dei tre nye løyva er på maksimalt 780 MTB (maksimalt tillatne biomasse) kvar. Branco har frå før eit løyve på 780 MTB i same området. Hareid kommune har vore høyringsinstans, og tilrådde at søknaden skulle bli avslått. Dette fordi grunneigarane på land, inkludert innbyggjarane i byggjefeltet Haggardsneset, var negative til å få eit så stort oppdrettsanlegg i sjøen rett utanfor. Per Sture Mork, dagleg leiar i Branco as, opplyser at selskapet har hatt ein god dialog med dei som bur på Haggardsneset, og at dei har gått med på å avgrense anlegget med 120 meter i nordleg ende i forhold til søknaden. Branco har også sagt seg villig til å byggje ei flytebryggje ved land som bebuarane kan få bruke. Vi har også lova å greie ut om det er mogleg å endre plasseringa. Dele anlegget i to og vende dei på tvers, i staden for på langs. Desse utrekningane jobbar vi med no, fortel Mork. Men avklaringa må kome nokså fort, for Branco vil at torsken skal symje i anlegget alt i mai. Både Kystverket Midt-Noreg, Areal- og miljøvernavdelinga i fylket og Mattilsynet Søre Sunnmøre har gitt samtykkje til plassering av anlegget på Haggardsneset. Og no har altså Fiskeridirektoratet kome med same konklusjon. I saksutgreiinga viser dei til at det i vedtektene til reguleringsplanen for Haggardsneset bustadfelt er nedfelt at aktivitetar i det regulerte feltet ikkje kan utvikle seg slik at det er til hindre, ulempe eller forureining for fiske og havbruksverksemd i sjø og strandsone utanfor. Det aktuelle sjøområdet er avsett som NFFFA-område i kommuneplanen for Hareid. Fiskeridirektoratet finn derfor ikkje grunnlag for å etterkome Hareid kommunes tilråding om å avslå søknaden.

Ulsmo, Havila og Mork

Branco har også fått løyve til å etablere eit 870 MTB-anlegg i Lågåsen (Korshamna). Men grunneigarane i området har anka avgjerda inn for direktoratet. I følgje Mork har Branco invitert dei som har protestert på etableringa inn til møte, utan å få respons. Oppdrettsselskapet Branco vart etablert i 2000. Etter ein emisjon i fjor vart det henta inn 23,8 millionar kroner. Per Sævik og familieselskapet Havila spytta inn 12,6 millionar kroner, og Ulsmo, (med Idar Ulstein i spissen) 10 millionar kroner. Men Ulsmo var inne på eigarsida frå før, og er største aksjonæren i Branco. Ved sida av Ulsmo og Havila er det grunnleggjaren Per Sture Mork som er dominerande på eigarsida.