Kommunen vurderer legesituasjonen i Ulstein som meir pressa enn nokon gong. Dei har i dag innbyggjarar i kommunen som står utan fastlege, på grunn av overfylte lister hjå fastlegane. Dette står i sterk kontrast til kravet i fastlegeordninga som seier at kommunen til ei kvar tid skal ha ledige plassar på listene sine. Rådmannen rår til at den sjuande legestillinga skal knytast til Ulstein legesenter AS. Som rekrutteringstiltak skal Ulstein kommune garantere for løn/driftsutgifter i 1 år til den nye legen. Det fekk òg dei to sist tilsette legane. Ulstein legesenter har meldt at dei ynskjer den nye legen velkomen. Legesenteret ønskjer forhandlingar med kommunen med tanke på dekking av utgifter relatert til legevakt. Rådmannen foreslår at han får fullmakt til å gjennomføre desse forhandlingane. Saka skal opp på møtet i Ulstein formannskap tysdag 30. januar, før ho går vidare til kommunestyret.