Sunnmørskysten ligg for tida i eit fønvindsbelte. Dette bildet er teke i Roppemarka på Flø - og nordover. Foto: Leiv Arne Grimstad

I Rekdal på Romsdalskysten vart det målt + 21,6 grader måndag. Vigra hadde + 20,9 og Tafjord + 20,2.

Voldaveiret.no målte + 19,8 måndag. Tysdag føremiddag hadde den uoffisielle vêrstasjonen på Kleppane + 19,0 som høgste notering.

Det er likevel eit godt stykke opp til oktober-rekorden frå 2005. Også den gongen - 11. oktober - låg eit høgtrykk over Vest-Russland, medan eit lågtrykk var i rask rørsle frå Island og nordaustover i Norskehavet.

Denne utviklinga førte etter kvart til svært høge temperaturar på Nordvestlandet.

Meteorologisk Institutt opplyser at det natt til 11. oktober 2005 bles sørvest stiv/sterk kuling ved Svinøy fyr om natta. Temperaturane låg mellom 17 og 19 grader. I Molde svinga temperaturen mellom 12 og 18 grader. Men så gjekk vinden på aust - og det vart merkbart varmare. Mellom klokka 13 og 14 vart det målt + 25,6 grader på Molde lufthamn, noko som er "norgesrekord" for oktober.

Forklaringa på fenomenet er fønvind. Den søraustlege vinden blir løfta over fjella. Lufta tørkar ut - og når lufta bles ned dalane og ut mot kysten, blir ho endå varmare enn då ho var fuktig.

Storm Weather melder at fønvinden vil halde seg også tysdag, men at han etter kvart bli svekka. Frå onsdag endrar vindretninga seg litt, og fønvinden er over for denne gongen.