Hannelore Måseide har sendt brev til Arnulf Goksøyr der ho ber inn til eit møte mellom kommunane, melder nettsida til Ulstein kommune. I brevet skriv ho at Ulstein kommune stiller seg positiv til initiativet frå Herøy kommune om å vurdere felles planregulering av området frå Garneskrysset til Dragsund bru. Herøyordføraren har òg fått brev frå sandeordføraren om strekket. Sande kommune har gjort vedtak der dei ber sentrale styresmakter om å prioritere arbeidet med ein betre regional kyststamveg. I vedtaket framhevar dei kor viktig det er for næringslivet med eit effektivt transportnett.