Hovudredningssentralen for Sør-Norge fekk melding klokka 06.10 torsdag morgon. "Leanja" kom seg av grunn, og gjekk for eiga maskin til Eggesbønes, men tok inn ein del vatn. I formiddagstimane ligg båten ved kai og ventar på pumpeutstyr. Situasjonen er udramatisk, melder Sunnmørsposten si nettside. Den 43 meter lange fiskebåten har eit mannskap på fire.