-- 2 bilar var innblanda i kollisjonen. Ein av bilane var i ferd med å føreta ei forbikøyring då han kom borti bakenden på den andre. Dette skal ha ført til at han mista kontrollen og havna i grøfta. Trass i at det var fleire personar i begge bilane, vart det etter det Vikebladet Vestposten erfarer berre mindre personskadar av ulykka. Både politi, ambulanse og bergingsbil rykte ut til staden.