Det er liten tvil om at det først og fremst er "skulesaka" som ligg til grunn for listedanninga. Men Dag Audun Eliassen, som toppar lista, seier at lista først og fremst vil arbeide for ei politisk miljøendring og ei betre styring. - Vi vil ha ein meir heilheitleg politikk og slutt på at ulike delar av kommunen blir sett opp mot kvarandre, slår han fast. Folkelista har 27 kandidatar, men ingen av dei er kumulerte. Dag Audun Eliassen nemner fire saker som skal vere berebjelkar i arbeidet: - Offentlege 1-7-skular i alle krinsar. - Offentlege byggefelt i alle krinsar. - Styrking av eldreomsorga. - Betre tilrettelegging av forholda for industrien. Kva folkelista elles skal meine og stå for vil kome fram når ein etter kvart får meisla ut eit program for dei fire neste åra. - Kva farge blir listeprogrammet trykt på? - Truleg på kvitt papir med svarte bokstavar, svarar Eliassen og legg til at lista har ei god blanding både når det gjeld geografisk spreiing og politiske sympatiar. Det som samlar er ønskjet om ein kommune som fungerer godt og der alle krinsar skal ha gode kår. - Har lista nokon ordførarkandidat? - Det får vi vurdere når vi ser kven som blir innvalde. Vi har i alle fall mange gode kandidatar, meiner Eliassen. - Det som er bra med denne lista er at vi er einige i dei store sakene. Det er ikkje slik det har vore i denne perioden - at partia skifter meining i veldig mange saker. - Kommunestyret blir redusert frå 25 til 21 representantar frå hausten av. Kor mange av desse satsar Folkelista på å få? Satsar Folkelista på eit brakval? - Vi håper og trur på å få inn ein del. Men igjen: Det får veljarane bestemme, seier Eliassen før han leverer lista - assistert av tre andre listekandidatar; Hallgeir Teigene, Synnøve Liavåg og Edgar Gjerde. Av dei 27 listekandidatane kjem 9 frå Bigset, 6 frå Brandal, 6 frå Hjørungavåg og 6 frå Hareid. Vi merkar oss at to representantar i det noverande kommunestyret - Dag Snipsøyr og Irene Follestad Rise frå KrF - har plass på lista. Og her er dei 27 kandidatane til Folkelista for Hareid: 1) Dag Audun Eliassen, Brandal 2) Hallgeir Teigene, Hareid 3) Bjørn Overå, Hjørungavåg 4) Ann Elise Hasund, Hareid 5) Dag Snipsøyr, Bigset 6) Irene Follestad Rise, Hareid 7) Gry Håberg, Bigset 8) Jan Arild Bjåstad, Bigset 9) Jeanette Klungsøyr, Bigset 10) Ivar Liaset, Hjørungavåg 11) Terje Karlsen Wiik, Hareid 12) Gunnar Hjørungnes, Hjørungavåg 13) Edgar Gjerde, Bigset 14) Jon Helge Ulstein, Hjørungavåg 15) Mary-Ann Brandal, Brandal 16) Synnøve Liavåg, Hjørungavåg 17) Daniel Teigene, Hareid 18) Dagmar Bigseth Rotset, Bisget 19) Rave Richard Røyseth, Brandal 20) May-Britt Brandal, Brandal 21) Tone-Lise Bjåstad, Bigset 22) Nathan (Sarabanathan) Rasamanickam, Hareid 23) Tina (Kristin Helen) Brandal Mork, Brandal 24) Ole Kristian Haugen, Bigset 25) Elisabeth Myrene, Hjørungavåg 26) Svein Lonbakken, Bigset 27) Johannes Bjarne Alme, Brandal