Vikebladet Vestposten hadde torsdag vitjing av leiaren for den digitale delen av Mecom, det internasjonale mediekonsernet som lokalavisa di er ein del av. I følgje Peter Skulimma ligg dei norske avisene i fremste rekke når det gjeld å utnytte internett som nyhendemedium.
Leiaren for den digitale delen av Mecom, Peter Skumilla, vitja torsdag Vikebladet Vestposten for å sjå korleis ei norsk lokalavis arbeider. F.v. Edda-direktør Harald H. Rise, disponent i Vikebladet Vestposten; Heidi Myklebust, Mecom-leiar Peter Skumilla og redaktør i Vikebladet Vestposten; Asle Geir Widnes Johansen.