Atle Strandebø bur i Bjørndalvegen ikkje langt unna kjøpesenteret Amfi i Ulsteinvik. Strandebø meiner det har blitt mykje meir uro i nabolaget etter kjøpesenteret kom. Like etter bygget til Amfi kom opp, fekk han ein bil ramponert. Ved juletider fekk Strandebø postkassa si sprengt sund. Og no sist helg fekk han ei bilrute knust, og tjuvane stakk av med eit navigasjonssystem. Det er forbaska til utvikling, sukkar Strandebø.

Var alarm

Den svarte bmw-en til Strandebø er utstyrt med alarm. Men alarmen er så var at han kan setje i gang berre nokon køyrer forbi med høg musikk eller kjem borti bilen. Så då alarmen sette i å ule natt til sundag, gjekk Strandebø ned og slo av alarmen utan å sjekke ut kvifor han gjekk. Han rekne med at det ikkje hadde skjedd noko kriminelt. Men det hadde det. Neste dag såg han at bilruta på høgre side var knust og navigasjonssystemet som låg framme på dashbordet var vekke. Finn eg ut kven det er som har gjort dette skal eg sørgje for at dei skal få syngje med englane.

Ikkje plaga med bråk

Atle Strandebø har merka seg at ein del av naboane har klaga over bråket i området på nattetid. Strandebø kan stadfeste at det er ein del bråk på nattetid i området, men han vil ikkje vere med å klage over bråket. Det gjer meg ingenting. Eg søv godt om natta og har lært meg å ikkje irritere meg over bråk, seier han. Strandebø fortel at han gjorde ein del fanteskap sjølv i ungdomen. Han seier han veit korleis det er å vere ung. Det han reagerer på er når det blir drive hærverk og tjuveri. Det liker han ikkje. Ungdomane får heller finne seg andre måtar å få ut energien og kreftene sine på. Strandebø synest det er trist om utviklinga i Ulsteinvik har blitt sånn at ein må setje opp overvakingsutstyr til privatbustadene. Kva synest du skal gjerast for å få slutt på dette? Eg kan love ut ein dusør på 10 000 kroner til dei som har tips i saka. Eg er ikkje ringare til beins enn at eg ordnar opp sjølv, utan politi, åtvarar Strandebø.