Eit sentralt element i legevakta sine oppgåver er å vere tilgjengeleg og nær når situasjonar som krev legevakt oppstår. Befolkninga si tryggleikskjensle er vesentleg i denne samanhengen, skriv Aasen i eit internt notat til rådmann Rune Sjurgard. Bakgrunnen for notatet er ei utgreiing som ei gruppe legar frå Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein har utarbeidt med tilredning om å satse på felles legevakt ved Volda sjukehus etter at Eiksundsambandet har opna, skriv Vestlandsnytt.