Det betyr at sambandet Hareid - Sulesund har mindre kapasitet enn vanleg. BF Melshorn må ha nye delar frå Oslo måndag, og det er uvisst om ho vil bli sett inn i rute igjen i løpet av neste veke. Ei erstatningsferje som kan ta kring 60 bilar, sigler sørover frå Nord-Norge så fort råd er, men kraftig vind og stor sjø har hindra henne. Når den nye ferja vil vere på plass, er usikkert.