Mediemållaget valde Berit Rekve til ny leiar under årsmøtet 21. januar. Rekve er frå Oslo og arbeider som kommunikasjonsrådgjevar. Ho er også styremedlem i Noregs Mållag. - Laget skal arbeide vidare for meir nynorsk i media og å stø særleg opp om journalistar som nyttar nynorsk. Dessutan er kontakten med journalistutdanningane viktig for oss. I løpet av 2007 skal vi også markera at det er tretti år sidan Mediemållaget vart skipa, seier Rekve i ei pressemelding. Dei andre i styret er; Judith Sørhus Litlehamar (Bygdaposten), Grunde Grimstad (Dagens Næringsliv), Arne Olav L. Hageberg (Tidsskrift for Norsk Psykologforening) og Ingvild Aursøy Måseide (Vikebladet Vestposten). Varamedlemer er Ingvild Bryn (NRK Dagsrevyen) og Inger Johanne Sæterbakk (NRK Troms og Finnmark). Mediemållaget er eit yrkesmållag for presse, radio, fjernsyn, forlag, reklame og informasjonsverksemd. Laget er tilslutta Noregs Mållag.