Det var Mathias Bakkebø frå Skorge som oppdaga spor i området ved kraftstasjonen for ei veke sidan; - Eg såg straks at spora var svært store til å vere hjortespor, så eg såg nøgnare etter. Så fekk eg sjå ferske ekskrement litt lenger borte. Dei var ikkje til å ta feil av; dette var elg, fortel Bakkebø i samtale med avisa Synste Møre. I september 2005 vart ein elgokse observert fleire stader i Vanylven etter at han først vart sett i dalane på Åheim. Den gongen lukkast det Synste Møre å ta eit bilete av elgen i fjellet ovanfor Slagnes.